torsdag 11. desember 2014

Nahal Oz 10.12.14 og 11.12.14

10.12.14

Me fekk ein alle tiders kveld på Beit Skandinavia, men returen blei meir trøblete enn planlagt. Det vil sei, det blei ingen retur. Me skulle ta oss av nokre gjester frå Finland som hadde mykje bagasje og som også skulle til togstasjonen. Me hadde god tid, trudde me, men det viser seg i ettertid at me hadde fått oppgitt togavgang på stasjonen etter Bat Galim, og kom akkurat idet det siste toget frå Haifa kjørte ut av perrongen. Me måtte difor tusla tilbake og be om rom i herberget hjå Lilly.

Det blei inga soving på oss, men me fjolla oss gjennom natta og gleda oss til den fantastiske frukosten som venta i Beer Sheva. Det er ikkje ofte eg får ei ”våke-natt” med Alv. Me hadde mykje å prata om, så natta gjekk fort den. Alv føreslo at me skulle ta oss ein strand- promenade- tur, men då var det eg som var den late……men me nådde første toget til Beer-Sheva.
vår 2.natt blei litt annleis enn planlagt

senga vår sto like fin neste morgon.....koss kan d ha seg?
Resepsjonisten på Lenonardo hotellet sette opp eit forskrekka ansikt då me kom inn døra i halv 9-tida og ho fekk vita at me ikkje hadde sove der. Ho beklaga at me hadde fått feil toginformasjon og skulle snakka med manageren om me kunne få noko i kompensasjon.

Me gjekk heldigvis ikkje glipp av den fantastisk gode frukosten og deretter måtte me ut i sola. Utpå dagen fekk eg ein telefon om at me skulle få refundert 40%. Eg blei så fortumla at eg spurte ikkje om det var på heile beløpet eller bare den eine natta. Det blir spanande å sjå.

Nahal Oz
(Nå må eg leggja inn ei lita opplysing for dei av dykk som er nye lesarar: I løpet av dei siste krigsdagane i sommar var me så privilegert at me fekk besøk av Bar Mitzva – gruppa frå Kibbuzen som ligg nærmast Gaza. Fleire av dykk var med og betalte for reisa. Barna var 4 netter hjå oss, ei ubeskriveleg oppleving, og nå er me nede for å møta desse fantastiske barna (Lihi, Shaked, Maya, Alex, Ofir, Omer, Illay, Chen, Stav og leiarane deira Tehilla og Mally (mor til Lihi) I og med at fleire av lesarane også var invorlvert i besøket, vel eg å vera litt detaljert og også bruka namn på våre felles gull- ungar)

Endeleg kom dagen då me skulle til Nahal Oz!!! Litt klabb og babb med kva buss me skulle ta. Både Mally og eg hadde kome fram til same nr og tidspunkt via nettet, men det stemte ikkje. Omsider kunne me hoppa av i krysset mot Sderot kor me blei plukka opp av ei av sosialarbeidarane frå kibbutzen. Det var allereie begynt å skumra, så me fekk ikkje sett så mykje. Registrerte eit skilt der vegen svinga inn hit med ”bordercrossing 4 km”.
 
koseleg velkomst og heimelaga kaker frå Lihi, dotter til Mally

Lihi og fleire andre gjekk rundt med varmeposer. Det er kaldt om kveldane/nettene

Hunden til Tehilla blei drepen av Gaza-hundar under krigen, men ho hadde fått seg ein ny i dag!

Tehilla og Sarah, hennar gode medhjelpar

Tehilla og Lihi møtte oss ved ”klubbhuset” til ungdomane der dei danderte eit fruktfat og noko å bita i. Lihi hadde laga nokre fantastiske små snadder – kaker som eg håper ho kan læra meg å laga. Mally kom innom etter jobb og me fekk ei lita oppsummering over planen deira for dagane, helst kven me skal få den ære å koma heim til på middag. Me har mykje å sjå fram til, høyrest det ut som.

Deretter tok dei oss med til vår vesle cottage for den komande veka. Me får disponera gjestehuset og her hadde Tehilla kjøpt inn mat så det monner. Me fekk innføring i korleis frukosten skulle tilberedast. Det viste seg etter kvart å vera ”død mann på boks” – krigs- proviant, ei genial ”nistepakke” som tilbereder varmrett på 12 minutt.

Me fekk litt tid på oss til å pakka å bli ”husvarme” før me blei henta av Shaked og Lihi for fellesmiddag med Bar-mitzva –gruppa og leiarane deira i klubbhuset.
me fekk sjak-sjoka, egg-og tomat-rett til middag


Snart kom den eine og den andre av ungdomane våre frå skulen, nokre meir ”sjernerte” enn andre. Me merka at det var ei tid sidan sist, at dei ikkje hadde praktisert engelsken og at især jentene hadde vakse mykje. Maya og Alex hadde flytta, så dei vil me antakeleg ikkje få møta. Jentene var meir ”dei same”, medan gutane var meir reserverte.  Då me delte ut foto – minnebøkene eg hadde laga til dei, skjedde det ei plutseleg forandring; Dei blei heilt over seg av begeistring og blei plutseleg dei livlege gutane me kjende frå før…heilt herleg. Dei skravla, ropte og lo i munnen på kvarandre og veifta med boka for å visa dei andre. Alt gjekk på hebraisk, men dei vaksne tolka dei og sa at dei følte det var som å vera tilbake på Finnøy!! Det var tydeleg at dei ville heim og visa boka, så me blei ikkje seine før me gjekk kvar til sitt.



 

sjå på skjønnassane våre....

 

dei blei kanskje litt skuffa då eg sa eg ikkje hadde med snop................men det snudde fort

Sakhed


Omer og Ofir

Han som fekk panikk på Ben Gurion og ikkje blei med til Noreg, var ein skjønnas og veldig god i engelsk. Det var tydeleg at han hadde det vanskeleg då dei andre fekk boka si, stakkar. Han håpa på ein Noregs- tur ein gong han og. Han er ein av våre nærmaste naboar, så me bad han bort og ga han litt norsk sjokolade, så då lyste han opp.

11.12.14

Dagen begynte roleg med felt- proviant. 
me får igjen bekrefta at me e duale udsjemde....

Alv har fått i oppdrag å laga frukosten - felt -mat som me tilset litt kokande vatn. Det utløyser ein kjemisk reaksjon som gjer at heile sulamitten set i gong og koker

alt hadde Tehilla styrt med før me kom!!
stien ut frå huset
stien inn til huset



















utsikt frå "byslaget" som er fullt av duer og andre fuglar

ser ut som Chucky har flytta inn i naboleiligheta


Etter kvart fekk me oppdrag for dagen…..og kanskje i fleire dagar….Mest som dugnad i det militæret. Have a looook:

Diana hadde arbeid til oss:

- ei "lita" opprydding i gi-bort-brukt-bua
hjelp, kor ska me begynna??? Det første me gjorde, var å jaga ut katten som såg ut til å ha sin faste bopel her
Det var ikkje mykje me kunne tenka oss av utvalget i second - hand- butikken, men me sloss litt om ”sov-i-roane” me fant ein del av. Forsto etter kvart at dei var sikkert frå krigen, for me fant dei i små toalett- vesker, mest som reise- sett.
 
Yes, eg fant ein ny shorts te Bjørn!!!

eg trur an Alv "ilte" litt

her trengs det litt Gunvor-system





















Midt på dagen tok me oss ein pause og gjekk yttervegen på innsida av gjerdet rundt kibbutzen. Me fekk mange rare og observerande blikk frå bilar og traktorar som passerte. Ikkje vanleg med turistar her. Kom på ideen om å lansera ekstrem- ferie- ideen…

det er digre fjos - dette biletet er tatt spesielt til Peder!!

og mange kalvar

Me er uhyggeleg nær Gaza, og det merkest også på bønene frå minaretane som høyrest godt.
 minner frå gamle krigar





og frå krigen i sommar

"dissa" i nabohuset er eit syn verdt med eigen trapp for å setja seg oppi. Skal eg prøva, tru?

 barnehagen er inni denne bunkeren



det er berre sekund frå rakett- alarmen går til nedslaget 


i kveld var me bedt på middag heim til Mally, her med Yuval og Yali

Illay

dei minste jentene prøvte læra meg hebraisk

våre nye safta- og saba- barn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar