søndag 7. desember 2014

07.12.14 Golan, Tabor og Zakne

07.12.14

Me var som vanleg tidleg på hjul. I dag blei det 4-hjul. Frukosten blei fortert på Golanhøgda før me vandra ned til Gamla – festninga kor jødar som gjorde opprør mot romarane tok felles sjølvmord då dei ikkje lenger klarte stå imot fienden. Parken har to tur- løyper og me måtte sjølvsagt få med oss begge!  – steikande varme – grøne bakkar etter regnet – sjeldne fuglar i trekk. Me leste at her er det fugletrekk nordover om våren og nå om hausten er det fugletrekk mot Afrika, ein spesiell plass med andre ord. Så spesiell at eg gløymte igjen fotoapparatet mitt – det heng kanskje ennå på do – døra. Difor legg eg bare inn gamle bilete på bloggen i dag. Me gadd ikkje reisa tilbake etter apparatet for i morgon kjem Alv med sitt nye apparat.

frå elva i begynnelsen av dalen ned mot Gamla
det var veldig grønt og frodig i dag

ein av katapultane romarane brukte for å innta festninga

dette biletet er frå 2011. Det var mykje  grønare i dag sidan det hadde regna så mykje sist veke

frå den gamle synagogen

olivenpresse?


Etter Golan-turen, tok me opp Taborfjellet. Det var få møtandes bilar, så det var greitt å koma seg opp. Eg sende som vanleg Bjørn inn mens eg tenkte setja meg i sola, men mens eg gjekk litt nedover alleen, oppdaga eg eit knøtt - lite kapell utan glas i vindauga. Eg kjende bare på meg at her måtte eg syngja, og det enda med at eg sto og song inn i det kapellet. Det er den mest vanvittige akustikken eg har opplevd!! Utruleg at det går ann i eit så lite rom!!


frå tabor-fjellet

ei av kyrkjene på Tabor-fjellet


Deretter gjekk turen til dei varme kildene i Zakne og Gilboafjellet (der Saul tok livet sitt) før me entra Beit Skandinavia for ein god kalkunmiddag.

frå den nydelege parken med varme kilder, Zakne


Beit Skandinavia (BS), det nye hippie-huset til Bjørn

I kveld har BS hatt besøk av ein som bur her i Haifa og som har halde førelesing om Israel. Det var kjempeinteressant. Han kunne bl.a visa til ei ny undersøking som slår fast at 75% av arabarane er nøgd med å vera ein del av Israel. 68% var ueinige i terroraksjonane som har vore utført i det siste. Han sa at mange ikkje torer seia at dei støttar Israel av arabarane.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar