fredag 5. desember 2014

05.12.14 Yokneam

05.12.14
 I dag hadde dei laga til ein gripande avskjedsfest på hotellet, med kake, talar og massevis av presangar. Jentene på kjøkenet kom med ein diger blomsterbukett og klokker til både meg og Alv!! Det var gripande. Å, men det har vore nokre ubeskriveleg gilde veker!

eg måtte gjennom ein spesiell avskjedssermoni - marrokansk - frå Line sin familie
we will see you again
eg fekk kake med helsing: Gunvor, toda raba
vår fantastiske Jasmine
seremonien besto av å kaste vatn etter meg, så skulle eg gå inn igjen 

Etterpå vende me nasen mot Haifa, men veret var så strålande at me tok ein pause ved Cæcarea ved havet før me drog til Yokneam for å feira shabbat hjå Yady og familien. Det er alltid spesielt å bli med dei i synagogen. Alt er så annleis frå det me er van med, så eg trur ikkje det nytter å beskriva. Det må opplevast.

Cæcarea ved Middelhavet

Yokneam-appelsin, nam-nam


på vei til synagogen

Bjørn med sin nye kipa!!!



I skrivande stund er me på Beit Skandinavia og me var heldige at grand old Lilly er heime!! Bjørn falt pladask for både ho og dette hippie- huset som syder av liv og røre.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar