lørdag 29. november 2014

29.11.14 Jerusalem

Laurdag 29.11.14

Blei sitjande ei stund med bloggen og irriterte meg grøn for eg måtte laga den to gonger. Lasta opp bilete og alt dillet. Enkelte bilete hadde lagt seg oppå teksten og enkelte sto berre og kinna. Kanskje det blir betre når eg legg alt inn på nye sider kvar gong.

eg vandra først i Nord-Talpiot med mange nye busetnader

Eg kom meg endeleg ut i finveret kl ca 1 og var ikkje tilbake før 19. Gjekk til Promenaden, men fant ut eg skulle gå på motsett side denne gongen, ikkje mot den muslimske delen, så nå fekk eg utforska ei anna side av byen der eg ikkje hadde vore før. Forresten, eg fekk mistanke om at eg såg leilegheita til Line. Deretter svinsa eg over til German – kolonien for å finna ei grei rute til teateret. Line har nemlig spandert konsert- billettar på Bjørn, Yady og meg på måndag. Eg har jo gått der fleire gonger før, men eg er like usikker kvar gong. Her er jo ingen fjell eller fjord å orientera seg etter. Då eg hadde spora litt av, tok eg kontakt med nokre damer med ein drøss 

stilege terrasser
fine parker innimellom
med ungar for å spør om vegen. Eg spurte sjølvsagt på engelsk, men ho svara på klingande Haugesund- dialekt. – så då må eg vel ha snakka litt ”tasta- engelsk” likevel. Ho fortalte at ho hadde konvertert då ho gifta seg og at ho hadde skilt seg for 7 år sidan. ”Eg sit fanga her nå, sa ho, for eg får ikkje reisa ut av landet med ungane.” Ho hadde difor ikkje vore i Noreg på 7 år. Ho verka til å vera veldig sliten. Aleinemor med 4 små barn og ingen slektningar som kunne stilla opp. Oj, oj, tøffe tak.

Eg fant teateret og på min runde tilbake tenkte eg å svippa innom Bet Norwegia, men før det møtte eg på ein mann som gjekk og svima i gatene akkurat som meg. Me falt pladask for kvarandre og slo lag dei neste timane. Han var professor i eit eller anna, men jobba også dei siste åra som guid. Han budde i German- kolonien og kunne fortelja om mange av dei gamle erverdige husa her.

dagens nye kompis - ved Den int. kristne ambassade
julelysa sto og blinka
Det var 2200tyske koloniar - eller kan det ha vore kolonistar- totalt i Israel på begynnelsen av 19-hundretalet. Mange var etter kvart svært rike, og det kan me sjå på utsmykkingane av husa her i den tyske kolonien. Templarane var ei protestantisk sekt. Målet var visstnok å byggja det 3.tempelet før Jesu 2.komme. Dei hadde ikkje vanlege kyrkjer, men han viste eit av husa som blei brukt til møte (bedehus??) dei samarbeidde med tyrkarane og blei difor fiendar med engelskmennene. Engelskmennene sende mange av dei til Cairo som sende halvparten tilbake til Tyskland. Under 2.verdskrig blei 17% medlem av nazipartiet. Dei blei difor utvist frå Israel då staten blei oppretta, mange til Australia kor det framleis er ein german- koloni av etterkomarane herifrå. I 1962 betalte Israel 54 mill tyske mark til etterkomarane for eigedomane deira.
Det var templarane som grunnla jaffa-appelsina. Dei bygde vegar og begynte med turisme. Det var også eit hus kalt Hansen-house der me gjekk. Det hadde vore sjukehus for spedalske.
Tempelridder  er ikkje det same som desse. Tempelriddere er  krigere som skulle forsvare pilgrimer til og frå Jerusalem.


Det var interessant å høyra og sjå. Han hadde forresten høyrt om Bet Norwegia og ville 
det var fleire gamle kjenningar på Bet Norwegia
gjerne bli med meg dit. Etter ein del vasing med vegen, kom me fram i det 4 norske ungdomar frå Moi entra huset. Det oppsto litt panikk blant voluntørane sidan dei ikkje hadde bestilt rom. Eg sa dei kunne bli med til Eden, så det enda med at to blei med hit. Dei andre slo følgje på vegen. Eg spanderte pizza på dei før me kom til hotellet. Det viste seg at han eine hadde gått med Karl Andre på Lyngdal. Det blei litt komisk, for Karl Andre skal jo ta seg av kyllingane våre når Kristian og Alv reiser hit ned. 


eit av dei gamle husa etter deu tyske tenplarane som ikkje blir vedlikehaldt

dette hadde vore bebudd av to familiar





-så var det kompisen til Karl-Andre, då! Verda er sanneleg ikkje stor. Har møtt nordmenn to gonger og begge gongene har me hatt felles kjende!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar