søndag 30. november 2014

30.11.14 Jerusalem




30.11.14:
Eg tok første malerstrøk på dei siste dørene før eg slo lag med Moi-ungdomane som ynskte ha meg med som guid i dag. For nokre flotte ungdomar. Det har vore ein fantastisk dag. Fekk vist dei det meste, men enkelte plasser var stengt sidan det var sundag.

For meg blei dagens høgdepunkt at me kom oss inn i Salomos steinbrot. Det har vore ynskje i mange år. Steinbrotet er ikkje så langt frå Gordons Golgata og det er bare ei dør inn i bymuren ikkje så langt frå Damaskusgate, så det er ikkje så lett å sjå. Vel inne opna det seg ei grotte som gjekk eit par hundre meter innover under den nåverande muslimske delen av gamlebyen.
Salomos steinbrot besto av digre grotter 200m innover i fjellet under den muslimske delen av Gamlebyen

det var tydelege spor i steinbrotet
og spetakulære fargar


Salomo tok ut steinar her til sine store byggverk. Bl.a. tempelet og slottet sitt. Det var 80 000 steinhoggarar i arbeid her. Seinare blei steinbrotet brukt til tilholdsstad og rømningsveg. Kong Sidkia rømte gjennom steinbrotet då Jerusalem blei beleira av Babylon.

Det er mykje sannsynleg at både Salomo og Herodes den store tok ut stein her til tempela dei bygde. Steinbrotet strekte seg i gamletestamentleg tid heilt til "Hodeskallestedet" som me ser frå Gordons Golgata.

Moi-gjengen utfor El-Aksa
det var meir uro på tempelplassen i dag. Det verka som dei prøvte provosere vaktene. Ropte taktfast:Alla Akbar i fleire av gruppene rundtforbi. Eg kjende eg var heile tida på vakt og klar til å springa ut.



mi kjære dør ved gravkyrkja
frå Getsemanegrotta kor Peter, Jakob og Johannes falt i svevn

maleri i taket

frå Maria si grav i kyrkja rett ved sida av grotta - og "eit steinkast frå Getsemanehagen"

Den gylne port - tatt frå Getsemane-hagen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar